Hopp til innhald

Poding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stammen til eit poda tre.

Poding er ein teknikk innan hagebruk som går ut på å kopla saman plantevev frå to ulike plantar.[1]

Vanlegvis er det berre botanisk nærskylde artar som kan podast. To eller fleire planter kan podast saman. Ein liten plantedel kan podast på ein større ved hjelp av ulike teknikkar.

Poding går ut på å få kontakt mellom floem og vaskulært kambium i grunnstamme og podekvist.

Nokre plantesortar og -krysningar har vanskeleg for å setja frø, eller frøa er ulike foreldra. Nokre kan ikkje formeirast som stiklingar. I desse tilfella er poding veleigna.

Sårstaden er utsett for uttørking og soppangrep, og kan dekkast av podevoks som vern.[1] Podevoks inneheld vanlegvis bivoks, harpiks og talg med meir. Det finst fleire oppskrifter på podevoks med ulike tilsetningsstoff. Bivoks kan òg til ein viss grad brukast åleine. Podevoks blir ofte delt inn i to typar, kaldtflytande og varmtflytande, etter om dei er flytande i romtemperatur eller krev oppvarming.

Podekvisten blir bunden fast med strikk eller bast som skal morkna når podinga er fullstendig.

  1. 1 2 «Poding av frukttrær» (på norsk). Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). 4. mai 2021. Henta 12. august 2024.